Feil på serveren

Ser 1 svar tråd
  • Posts

      Hei!

      Dei siste dagane har det vore ein markant auke i feilmeldingar som gjeld feil på serveren. Er dette ein feil som det vert jobba med å rette, eller er dette tilfeldige feil som ein berre må rekne med? Når det skjer sopass ofte, skapar det problem i arbeidsflyten, td. ved legging av turné og alt stoppar opp pga dette.

      Håpar det kan rettast snarast!

      Mvh

      Øyvind Lyslo

      DKS Vestland

      0
      Kulturtanken
      Administrator

      Hei, Øyvind!

      Takk for tilbakemeldinga. Det har vore feil i DKS-portalen denne veka, som har kravd feilretting innanfor vanleg arbeidstid (noko vi prøver å unngå). Dette kan ha bidrege til fleire beskjedar om «Feil på server». Dette beklagar vi og er ikkje noko ein skal venne seg til.

      Gi gjerne beskjed til oss på support@denkulturelleskolesekken.no om du opplever dette igjen, då set vi pris på beskjed på kva flater du har opplevd dette i, og kva operasjonar som har blitt avbrotne, då er det lettare for utviklarane å rette feilen raskare. Vi sender uansett tilbakemeldinga di vidare til leverandøren!

      0
Ser 1 svar tråd
  • Du må være innlogget for å svare på dette emnet.